Hareidsjentene Thea Myrvold og Marthe Hansen sit begge i Ungdomsrådet i Hareid Kommune. I tillegg held dei for tida på med å starte opp eit lokallag for Ungdom Mot Narkotika (UMN).

UMN er ein nasjonal organisasjon som arbeider for ein aktiv ungdomskultur og inkluderande ungdomsmiljø, og no ynskjer jentene altså å starte opp i nærområdet.

- Det er ikkje så veldig lenge sidan vi fann ut at vi ville starte opp. Det einaste lokallaget i Møre og Romsdal er i Molde, så vi meinte at det var riktig å starte opp her også. Vi følte at Hareidlandet trengde ein slik organisasjon, spesielt med tanke på at MOT vart lagt ned i Hareid. I tillegg så er det ganske langt til Molde óg, fortel Myrvold.

Landsmøtet til organisasjonen vart avslutta for vel ein månad sidan, men ingen av dei to initiativtakarane kunne delta på det denne gongen.

Oppstart om to veker

Dersom alt går etter planen vil oppstartsmøtet bli arrangert om to vekers tid. Så langt har jentene fått mykje ros for initiativet.

- Vi har fått mange gode tilbakemeldingar så langt. Vi vonar også at vi kan få sponsorar til å hjelpe oss etter kvart, seier Myrvold.

Etter oppstarten vil dei gjerne invitere føredragshaldarar til å fortelje om kva konsekvensar narkotika fører med seg.

- Vi håpar at folk opnar augene sine. Vi veit at narkotika finst i nærområdet på Hareidlandet. Sjølv har ikkje vi erfart dette på nært hald, men vi har høyrd mange historier. Difor er det greitt at det eksisterer slike tilbod, slår begge to fast.

Rusfrie arrangement

Eit anna tiltak som Myrvold og Hansen ynskjer å få til når dei startar opp, er rusfrie arrangement som til dømes konsertar. For å få til dette ynskjer dei å samarbeide med mellom anna Røde Kors og ungdomsråda i både Ulstein og Hareid.

- Vi ynskjer å gi eit tilbod utan rus, slik at vi kan skape ein positiv arena innanfor trygge rammer, seier Hansen.

- Ein treng ikkje narkotika for å ha det gøy, legg ho til.

Partipolitisk uavhengige

Når lokallaget er oppe og går ynskjer Myrvold og Hansen at dei politiske ungdomspartia i nærområdet skal ta kontakt, dersom dei er samde i UMNs syn.

- Vi har hatt ein dialog med partiet AUF, men vi ynskjer å vere partipolitsk uavhengig. Vi oppmodar difor alle partia til å ta kontakt med oss dersom dei deler det same synet på saka som vi gjer. Vi stengjer ingen utanfor, stadfestar Hansen.