Rundt klokka 13.20 fekk brannvesenet kontroll på grasbrannen som vart oppdaga på Fjelle  klokka 12.00 i dag.  Brannvesen frå Ulstein kom raskt  til staden, og det vart  innkalla tankbilforsterking frå Herøy. No, ein time seinare, er det framleis aktive flammar, men brannvesenet trur dei har brannen under kontroll.

Den eine brannbilen hamna i grøfta under rygging, men klarte likevel å pumpe ut vatn.

Brannen har truleg starta i nærleiken av eit av bustadhusa på Fjelle, og har spreidd seg langs markane og ut i lyngheiane mot Løkeberget.

Sigarett ut av bilvindauget?

Opplysningane går ut på at det er ingen som har tent bål på Fjelle i dag. Men det er svært tørt i marka. Elden starta like ved vegen på Fjelle, og ein grunneigar spekulerer i om årsaka til brannen kan vere at nokon som køyrde forbi Fjelle litt før har kasta ein sigarett ut gjennom vindauget. Temperaturen var oppe i pluss 25 grader på Fjelle i dag, og brannfaren er dermed stor.

Hell at det var vindstille

Ulstein brannvern er svært letta over at det var heilt vindstille på Fjelle i dag. Hadde det vore sterk vind, hadde sløkkjearbeidet blitt mykje vanskelegare.

Brannmannskap er framleis på staden for å drive med ettersløkking.

Brannmannskapet trur dei no har fått kontroll på brannen på Fjelle (Foto; Joar Ødegård).