Gjennom ei årrekkje tømde dei kloakkummane både i Herøy, Sande, Ulstein og Sande for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Då ein ny tilbydar kom på bana med lågare prisar, mista dei hovudinntekta si. No tenkjer Moldskred Renovasjon heilt andre vegar å køyre.

Heilt nytt på Sunnmøre

Inn på plassen rullar ein ny Volvo lastebil med påmontert rør og slager. Diodelys og flott motivlakk skil den frå resten av trafikken på vegen. Bak rattet sit eigar Lars Ivar Moldskred.

– Denne bilen er ei nysatsing. Den kan ikkje berre suge ulik masse, men også blåse den. Bilen er ein såkalla supersugar, også kalla tørrsugar, som det heiter på fagspråket. Denne kan suge inn og blåse ut blant anna sagmask, støv, oske og singel. Berre fantasien kan stoppe deg, smiler Moldskred.

Men smilet blir litt slapt når vi spør kvifor dei no vel å satse på dette.

– Vi har merka i veldig stor grad at vi har mista kontrakten på kloakktømming. To tilsette har måtte slutta som følgjer av det. To av bilane er også seld. I tillegg tok vi ut ei tomt her i Myrvåg der vi skulle etablere Moldskred Renovasjon, forklarar Moldskred.

Men heldigvis ser dei framover med høg optimisme på framtida.

– Nysatsinga er ein døropnar for oss. Vi ser føre oss å betene Sunnmøre og heile landet etter kvart. I tillegg blir det aktivitet på tomta vi har. Her skal vi opprette eit bunkeranlegg som storbilar kan nytte seg av. Vi skal også setje opp eit eige anlegg, men då i mindre skala enn først tenkt. Men hovudmålsetjinga er å bygge opp ein marknad for dette, fortel Moldskred.

Nærmaste bil av same slaget er å finne nokre timar unna – i Kristiansund. Den gjer ein del jobbar blant anna for Vestbase. Moldskred Renovasjon ser føre seg noko liknande i framtida. Nysatsinga er noko både verksemder og privatfolk kan nytte seg av.

Lettare å kome til

Moldskred trekk fram eit døme der ein slik bil gjer ein jobb lettare.

– Sjå føre deg at det skal leggjast singel bak eit hus. Der er det ofte vanskeleg for ei gravemaskin og ein lastebil å kome til. Med eit slik suge- og blåsesystem kan vi lett blåse ut singel der. Fleire industribygg har til dømes singel på taket. Dette kan vi suge inn i den 14 kubikkmeter store tanken å frakte vekk. Det er eit ganske allsidig reiskap som gjer at vi og kunden sparer vanvettig mykje tid.

Litt etter skjema

Den nye Volvoen er bygt opp i Holland. Arbeidet med bilen var så omfattande at den vart levert for seint.

– Den skulle opphavleg vore levert før nyttår. Men no er den her klar til å utføre jobbar. Den har fått påmontert 14 kubikkmeter tank med 3 kubikkmeter filterrom. I tillegg er bilen stor med fleire dødsoner, så det er ikkje mindre enn fem kamera som følgjer med på kva som skjer. Tanken kan vi løfte slik at massen renn ned i ei trakt. Der møter den luft som bles massen ut av ein slange. Det er også påmontert ei kranarm som gjer at vi får betre rekkjevidde. Det blir spennande å finne ein marknad til den. Det trur eg vi får til, avsluttar Moldskred optimistisk.

Lars Ivar Moldskred vedgår at at tapet av renovasjonskontrakten har gitt sine preg, men han trur at dei skal greie å etablere ein marknad for ein slik type suge- og blåsebil på Sunnmøre. Foto: Joar Ødegård
Lars Ivar Moldskred har full kontroll over både bilen og tanken via ulike spakar i skap og på fjernkontroll. Foto: Joar Ødegård