Kringkastingsorkestret legg no ut på tur til engasjerte bygder og tettstader i Noreg for å finne skjulte musikalske talent innafor alle sjangrar og aldersgrupper. Dei utvalde talenta og heimstadene blir ein sentral del av ei ny serie: «Da KORK kom til bygda».

«Da KORK kom til bygda» er ei ny musikalsk storsatsing frå NRK som skal på lufta i 2014. Dette blir ei underhaldningsserie for heile familien. TV-sjåarane vil bli begeistra av bygdas engasjement og lokal dugnadsånd, av store draumar og nye talent som skal løftast opp og fram av eit profesjonelt orkester.

– Kringkastingsorkestret er heile landet sitt orkester. Vi ønskjer å gje lokale talent sjansen til å spele med nokre av Noregs beste musikarar, og samstundes utfordre musikarane våre innan mange forskjellige sjangrar. Vi håper og trur det kan føre til nokre overraskande musikalske møter, seier kulturredaktør Hege Duckert.

Dersom du kjenner til nokon som fortener å vise fram sitt spesielt gode musikalske talent, finn du meir informasjon om påmelding her: www.nrk.no/delta/

Mari Mehus i NRK fortel til Vikebladet Vestposten at dei er interessert i talent frå heile regionen, Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

– Kven som helst kan melde si interesse. Om det er ein bestefar med munnspel eller ei lita jente med fiolin, legg Mehus til.