Fleire av karane som nyttar seg dagplasstilbodet ved Hadartun sjukeheim på Hareid har ei eller anna tilknyting til sjøen og sjølivet. Mange av dei er pensjonerte sjømenn som ikkje lenger har båt, eller som av andre grunnar ikkje kjem seg på sjøen. Etter kvart blir dei gode minna frå gamledagar svakare eller i verste fall gløymde. Måndag vart desse minna vekt til liv, då brukarane av dagplasstilbodet, saman med nokre tilsette frå Hadartun, la turen ut på fjorden med fiskestenger, pizzasnurrar, nytrekt kaffi og godt humør.

Grimstingen først ute

Ved Eilertsenkaia klokka 10.30 på måndag treff vi ein gjeng smørblide pensjonistar som har fått på seg allvêrsjakke. Nokre nøyer seg med ein varm ullgenser.

Den spreke 90-åringen Arne Grimstad er rastlaus på campingstolen. Han sit klar med nytt grønt snøre som skal innviast på turen. Teigene har knapt fått stogga propellen då Arne får ut snøret. Berre etter nokre få minutt dreg Arne opp ein makrell frå mellom 20 og 40 meters djupne.

Etter kvart får Arne selskap ved rekkja av Leif Nesset som også vil prøve fiskelukka. Tilsett ved Hadartun og dotter av Leif Nesset, Liv Nesset, har sjø i blodet. Ho hjelp karane med å rette på snøret og dra fisken om bord. Stemninga er høg. Historier og gamle maritime songtekstar blir sunge i lyden av måseskrik. Frå rorhuset kjem fleire oppdateringar om at fisken har flytta på seg. Under dekk høyrer vi at båten blir sett i gir, før vi sig sakte fram over bølgjene. Karane kastar ut sluk og snøre når Teigene kjem med klarsignalet.

Utsikta er ikkje den beste, då vi ser rett mot Franzefoss sitt anlegg. Etter eit par timar utanfor Sveneset legg Teigene kursen mot Hjørungneset og opninga mot Vartdalsfjorden.

Ynskjer kommunal interesse

– Vi vil sjølvsagt rette ein kjempestor takk til Frivilligsentralen og alle dei frivillige som vart med på turen. Utan dei hadde vi ikkje fått det til. No vil vi at Hareid kommune sine politikarar har dette i tankane sine når det blir snakka om eldrepolitikk og verdsetjing. Det bør finnast eit budsjett for slike aktivitetar i framtida. Spesielt når vi ser kva for ei oppleving dette har vore for pensjonistane, avsluttar Nesset.

Du kan lese meir om turen i papirutgåva av Vikebladet Vestposten førstkomande torsdag.