Gåva vert døypt i høve DNV's 150-årsmarkering i juni neste år.

- Vi har nettopp fått den strålande beskjeden om at DNV ønskjer å gi oss ei ny redningsskøyte. Eit viktig løft for den framtidige beredskapen langs kysten vår, seier Generalsekretær Rikke Lind i Redninsselskapet i ei pressemelding.

Skøyta kostar 9,6 millionar og skal settast inn i teneste i Ålesund. Den vert spesialbygd for å gå i farvann nær kysten, og vil i hovudsak sikre fritidsbåtfolket god service, men har også musklar til å løyse dei fleste oppdrag. Dn nye skøyta vert kontrahert tysdag 2. juli 2014 frå det svenske verftet Swede Ship Marine nord for Gøteborg.

- Denne nye redningsskøyta innleiar vår storsatsing på nye frivilligheitskorps som skal vokse med 1000 nye medlemmar i løpet av dei neste åra. Skøyta er veldig ras, og vil ha beredskap i eit meget vêrutsett og trafikkert fritidsbåtområde på Sunnmøre, seier Lind.

Den redningsskøyta som i dag er i Ålesund, vert flytta til ein meir tilpassa og eigna stad ut på kysten, når den nye er på plass sommaren 2014.