Like etter klokka 08.00 laurdag morgon køyrde ein bil av vegen ved Holesanden i Snipsøyrdalen.

Bilen tok fyr og to personar mista livet, opplyser operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt.

Politiet etterforskar saka. Dei to personane er enno ikkje identifiserte.