– Nei, eg er ikkje overraska. Hos politikarane i fylket har jo stemninga vore mykje Hafast, Hafast, Hafast, seier styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast til Vikebladet Vestposten.

Han meiner det kan virke som politikarane ikkje veit kva dei seier ja til når dei går for Hafast.

– Hafast er greitt nok som isolert fjordkryssing. Mein ein må hugse at ein slik trasé også må gjennom Eiksundtunnelen og under Borgundfjorden. Det medfører store tekniske utfordringar.

Han meiner Eiksundtunnelen er ueigna som stamveg.

– Tryggingskrava til undersjøiske tunnelar i dag er svært strenge, særleg med tanke på redningsvegar. Om Eiksundtunnelen skal bli stamveg, må det byggjast to nye løp i tunnelen, hevdar Hovden.

– Kostnaden har ikkje kome godt nok fram

– I debatten om Hafast har ikkje kostnaden med å utbetre Eiksundtunnelen kome godt nok fram. Eg vil hevde det er vekkasta pengar å bruke store middel på å utbetre Eiksundtunnelen når vi har eit flatt alternativ langs Vartdalsstranda, seier Hovden.

– Mange av politikarane meiner omsyna til bu- og arbeidsmarknaden og næringslivet er viktige når dei tek stilling til trasévalet. Er ikkje dei eit godt argument for Hafast?

– Bu- og arbeidsmarknader er viktige nok, men ein må hugse på at det er ein stamveg vi skal byggje. Den skal gjere meir enn å frakte folk og varer frå A til B på Sunnmøre, den skal vere ein hovudveg for heile kysten. Då er Fefast, som er kortare og billegare, eit betre alternativ, svarer Hovden.

Han peikar også på at regjeringa har tatt til orde for at framtidig vegbygging skal ta omsyn til miljøet og utslepp av klimagassar.

– Fefast vil gi ein kortare kyststamveg og difor også gi lågare utslepp, seier Hovden.

Håpar faglege argument vinn fram

– Vi har dessverre gong på gong sett at vegbygging blir avgjort ved hestehandel i staden for ved bruk av faglege argument og heilskapstenking. Det håpar eg vi unngår ved valet av E39-trasé på Sunnmøre, seier Hovden.

Hovden, som representerer KrF i Ørsta kommunestyre, er samd med partikollega Rigmor Andersen Eide i at avgjerda om E39 bør kome raskt.

– Regjeringa har gått inn for ferjefri E39, men er dessverre altfor lite konkret om traseen førebels.

– Korleis ser du på dei realpolitiske sjansane for å få Fefast som trasé?

– Det er klart at stemninga hos fylkespolitikarane og fleire har favorisert Hafast. Men vi jobbar vidare og satsar på at dei faglege argumenta våre vinn fram, seier Hovden.