Kvart år arrangerer Redningsselskapet Møre og Romsdal sommarskule gjennom fire veker. Det er i år sjette gang det vert arrangert på ulike stader i fylket vårt. Kjeldsund i Herøy er ein av Redningsselskapet sine favorittplassar. Då er det ikkje merkeleg at vi møtte 20 glade born og unge med lyst til å lære meir om sjølivet på Kjeldsund torsdag.

God opplæring

– Under sommarskulen, som går føre seg gjennom ei veke på Kjeldsund, har vi med oss born og unge frå Hareid til Rovde. Her får dei kunnskap om tryggleik på sjøen. Vi startar dagen med frukost og ei lita overrasking. Overraskinga er ein skipsknute dei skal lære seg å knyte, fortel dagleg leiar Kristin Sandnes i Redningsselskapet, som vi kjem i prat med på Kjeldsund.

Gjennom veka har elevane ved sommarskulen fått prøve seg som førarar av mindre motorbåt, kajakk, kano, robåt og seglebåt.

– Inne i hamna er fleire av dei verdsmeistrar. Litt lengre ute får dei prøve sjølivet på skikkeleg. Det får dei god lærdom av i kontrollerte formar. I tillegg har vi hatt besøk av redningsskøyta RS “Emmy Dyvi”, der elevane har fått omvising om bord og fått informasjon frå mannskapet om korleis dei jobbar på ei redningsskøyte. Dei fleste tykte det var stas å få hoppe og stupe frå sjølve skøyta, smiler Sandnes.

Stor etterspurnad

Ifølgje Sandnes er det mange som vil på Redningsselskapet sin sommarskule på Kjeldsund.

– Vi har plass til 20 elevar her. Vi har heller ikkje noko problem med å fylle kvoten. I år har vi med oss 6–7 jenter også. Det er uvanleg med så stor deltaking av jenter. Det tykkjer vi er kjekt. Årets kull er også svært sjøinteressert og flinke å ro. Det skal dei ha all æra for, skryt Sandnes.

Fersk båteigar

Opp frå brygga sprett John Arne Apelseth frå Hareid fram i skipskikkerten. Han fortel at han er fersk båteigar og er lysten på erfaring om sjølivet.

– Eg har kjøpt meg båt. Difor var det lurt at eg melde meg på slik at eg kan lære meir om sjøvett. Det er utruleg kjekt å vere på sommarleir. Vi alle har det kjekt saman, fortel den blide guten frå Hareid.

Mykje moro

Elevane ved sommarskulen blir ikkje drukna i papir. Det meste blir lært vekk av instruktørane i praksis. Og praksisen – den går føre seg godt blanda med ein fartsfylt leik på sjøen.

Etter ein motorbåt med 60 hestekrefter, får den som tør hengje på slep i ei såkalla tube. Tuba er ein oppblåst ring som hoppar på bølgjene medan ein person sitt oppi den.

Denne viste seg å vere ein skikkeleg populær aktivitet. Elles padla, rodde og køyrde elevane motorbåtar. Kvar og ein med redningsvesten på. Nokon tok ein dukkert i sjøen, som elles var målt til 13 vestlandske varmegrader.

John Arne Apelseth frå Hareid får instruksar frå dagleg leiar Kristin Sandnes i Redningsselskapet Møre og Romdal.