VIDEO: STEIN MORTEN SJÅSTAD

Midt ute på Leikongvika, såg Stein Morten Sjåstad noko rart ute på sjøen onsdag kveld. Han var på veg heim etter ein elendig fisketur, og møtte ei symjande kyr som kom rett i mot.

– Ho hadde strak kurs mot Nykremsholmen. Vi nytta båten til å styre ho inn mot Nykremsstranda. Etter litt kaving kom ho seg på land, fortel Sjåstad.

Sprek

Sjåstad rekna med at kua var utmatta. Det var ho ikkje.

– Etter symjeturen på om lag ein kilometer, rekna vi med ho var utmatta. Men det var ho ikkje. Ho gjekk opp på vegen, sikta seg inn på Djupvika før ho snudde mot Leikongbygda att. Vi fekk losa eigaren etter ho. Korleis det gjekk vidare, veit vi ikkje, avsluttar Sjåstad.

Ifølgje Sunnmørsposten har kua lagt på sprang i det ho skulle gå ut av ein slakteribil. Ho er framleis på rek. Gardbrukar Bjørn Sæther oppmodar personar som ser kua om å kontakte Mattilsynet eller slakteriet.

Kyra var på symjetur over Leikongvika. Han fekk kyra til å symje i retning Nykremstranda på Leikong. Foto: Stein Morten Sjåstad