Ei tenåringsjente som torsdag i 18.00-tida gjekk tur langs vegen i Ringstaddalen, Haddal, vart forsøkt dregen inn i ein bil.

Jenta kom seg fri, og la på sprang.

Hendinga vart umiddelbart meldt til politiet.

Jenta har forklart at det var to godt vaksne menn inne i bilen, og at dei truleg var utlendingar. Ho hadde ikkje tid til å merke seg kjennemerka på bilen, men meiner at han var grøn, og at det truleg var ei stasjonsvogn. Det siste er ho ikkje heilt sikker på.

Lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid opplyser at ein politipatrulje leita etter bilen til langt over midnatt, men utan resultat.

- Men dette er ei sak vi ikkje har lagt vekk, forsikrar Kulø.