I helga har det vore  samling for 50-årskonfirmantane i Ulstein. Lengste reisa hadde Havtor Flø, som kom heilt frå Australia.

I 1963 var kullet på 70 konfirmantar. Dei gjekk for presten med sokneprest John Bjørlykke, men han var sjuk under konfirmasjonsgudstenesta , så det var presten Sverre Myklebust som stod for sjølve konfirmantritualet.

I dag er 5 av dei 70 konfirmantane frå 1963 døde. Men denne helga har 42 av dei som er att vore samla i Ulsteinvik.

Laurdag var dei både på bedriftsmuseet til Ulstein Verft, dei var på Kafe Nova for å ete fiskesuppe, og hadde om kvelden samling med middag og sosialt samvær på Quality Hotel Ulstein.

I dag var dei samla til gudsteneste i Ulstein kyrkje, leia av sokneprest Ruth Eva Sollie.

Konfirmasjonssamlinga vart avslutta med “kyrkjekaffi” på hotellet.

Australia i 31 år

Lengste reisa hadde altså Havtor Flø. Han er son til Olav og Signy (fødd Eidem) og har budd i Australia i 31 år.  Maskinisten har blant anna jobba for Farstad Shipping.