Denne gongen har vi kome i prat med Robert Haugen frå Hareid. Han tykkjer om å vere i selskap med fuglane, gjerne fleire hundre meter over hovudet på oss andre, hengjande i ein paraglider. Ein hobby han stadig deler med fleire.

Veksande miljø

I dag driv Haugen paragliderklubben Stratus Paragliderklubb saman med Luis Emanuel Ortynski Fonseca frå Ulsteinvik som han deler interessa med.

– I klubben er både eg og Luis instruktørar. Det er ikkje lenge sidan vi arrangerte kurs der vi hadde tolv deltakarar. Interessa for paragliding er veksande, fortel Haugen.

Fleire melder seg på kurs berre for å prøve paragliding ein enkelt gong. Det ynskjer dei å luke vekk.

– Vi er interessert i kursdeltakarar som verkeleg har lyst til å satse på paragliding. Det er ein fantastisk hobby der du verkeleg får flyge, smiler Haugen.

Fram til i dag har han hatt svært mange timar på “vengene”. Han har ikkje teljing frå då han starta opp i 1997, men dataloggen frå 2001 fortel at Haugen har hengt i lufta i 365 timar, noko som svarar til 784 turar fordelt på tolv år.

Hobbymeteorologar

– Eg tek meg ein tur så snart eg kan. Hobbyen er svært avhengig av vêret, noko som gjer at vi er blitt hobbymeteorologar. Det er ikkje nok med vêrmeldinga på TV. Her må vi ty til meir avanserte meldingar, fortel Haugen.

Det er mykje å ta omsyn til. Dei tre formene for paragliding; distanseflyging, hangflyging og akrobatikkflyging krev ulike vindar. Difor er det viktig for utøvaren å halde kontroll på varmluft, luftstraumar og mykje meir.

– Det er ein trygg hobby så lengje ein nyttar skikk og bruk. Godt utstyr og opplæring er heilt vesentleg. Eg har fleire typar utstyr. Både for soloflyging og tandem. Vekta på utstyret er mellom 6 og 20 kilo, avhengig om det er lettutstyr eller ikkje, fortel Haugen.

– Ein draum å kunne flyge

Haugen er ikkje i tvil. Paragliding er ein hobby han vil anbefale vidare til andre.

– Eg pleier å seie at draumen til eit menneske er å kunne flyge. Det kan du med paragliding. Det er kanskje skummelt med det same, men etter kvart blir frykta eliminert ved å lære seg å stole på utstyret ein nyttar. Dessutan er hobbyen ein totalpakke av å vere ute, gå på fjellet og flyge. Det er ein utruleg helsebringande sport, avsluttar Haugen.

Robert Haugen frå Hareid har hatt paragliding som hobby sidan 1997. Dataloggen frå 2001 fortel at han fram til i dag har hatt 784 turar i lufta. Foto: ROBERT HAUGEN/GOPRO
Eit videobilete frå ein tur mellom Bondalseidet i Ørsta og Innvik i Stryn. Foto: ROBERT HAUGEN/GOPRO