Redningsselskapet står bak eit opplæringsprogram som har fått namnet “Førebyggjande segltur”, der politiet, brannvesenet og ambulansepersonell deltek. Programmet har vore arrangert sidan i vår, med besøk i tolv hamner på sør- og Austlandet. Fredag var det Møre og Romsdal og Ulsteinvik sin tur til å få besøk.

Alle 6.-klassingar

“Førebyggjande segltur” gir alle 6.-klassingar i kommunen generell opplæring i sjøvett, brannredning, politiarbeid, hjarte- og lungeredning og mykje meir. Gjennom ulike postar får elevane fleire timar med god kunnskap frå fagpersonell gjennom ein skuledag.

Geileneset var møtestad for Redningsselskapet sitt møte med Ulsteinvik. Sjølv om det kom mykje regn frå skoddetung himmel, leika elevane seg gjennom øvingar som var laga til.

Ambulanse Midt-Norge#<\p>HF hadde ordna til med hjarte- og lungeredning der elevane fekk prøve hjartekompresjon på dokker. Ved sidan av hadde Redningsselskapet sine folk laga til med knutar som elevane fekk prøve seg på. Ved ein annan post fortel politiet om sitt arbeid, då blant anna om utrykking og etterforsking. Brannvesenet var også til stades med brannbil. Her fekk elevane sjå sløkkjeutstyr og korleis brannbilane ser ut inni.

Fleire hamner i fylket

Seglturen starta 3. september i Møre og Romsdal. Før dei kom til Ulsteinvik på fredag, arrangerte Redningsselskapet “Førebyggjande segltur” i Ålesund onsdag 12. og torsdag 13. september. Etter besøket i Ulsteinvik fredag, står Fosnavåg for tur 16. september og Ørsta 17. september.

Seglturen held fram i Sogn og Fjordane og Hordaland med siste post på programmet 4. oktober.

“Førebyggjande segltur” er eit årleg prosjekt der elevane reiser heim med mykje kunnskap om ferdsle på og ved sjøen.

Fleire av sjetteklassingane fekk prøve på seg hjelmar og redningsvestar Foto: JOAR ØDEGÅRD