110-sentralen melde om eit branntilløp utanfor ein einebustad i Sjøgata i Ulsteinvik sentrum i halv 9-9-tida laurdag kveld.

Det viste seg at det hadde pågått taktekking ved hjelp av propanvarme.

Vedkomande som hadde drive med dette fekk sjølv sløkt tilløpet.