Hareid ungdomsskule ved rektor Asbjørn Vatne har motteke ei bekymringsmelding frå Sri Lanka sin ambassade i Oslo om at skulen gir det dei kallar “LTTE Terorist Group” løyve til å halde møte i skulen sine lokale.

I brevet skriv C. V. Rajapa ved den srilankesiske ambassaden i Oslo at dei har fått kjennskap til at “the Tamil Coordinating Committee (TCC), a Front Organization of the LTTE Terrorist Group” har organisert samlingar fleire plassar i Norge under vignetten “"Maveerar Day".

- Rekruttere og radikalisere

- Desse samlingane, hevdar ambassaden, er ein del av TCC sitt program for å rekruttere og radikalisere medlemar og samle inn fondsmidlar til bruk mot terrormål.

Ambassaden har fått vite at ei slik terrorist-tilknytt samling er tenkt halden på Hareid ungdomsskule 27. november i år.

Ambassaden uttrykker si djupe bekymring over at ein offentleg samlingsplass blir nytta til radikale  og glorifiserande terroraktivitetar.

"Diabolical objektives"

- For tida har radikalisering av ungdom vore sentralt i norsk debatt, og vi vil setje stor pris på at de såg på dette og tok nødvendige steg for å hindre at skulen blir nytta til slike “diabolical objektives” (djevelske formål).

Brevet er sendt i kopi til Hareid  kommune sin advokat, Bjørn Tømmerdal.

Vil ikkje stoppe samlinga

Ordførar Anders Riise i Hareid seier til Vikebladet Vestposten at dei ikkje kjem til å stanse samlinga. Han forklarer at dette er eit årleg arrangement som lokale tamilar har hatt i mange år. Dei brukar 27. november til å markere dei mange offera etter uroa på Sri Lanka.

- Arrangementet har gått på omgang i Hareid, Skodje, Ålesund og andre kommunar på Sunnmøre, kommenterer Rise.

- PST ville ha varsla viss faren var reell

Han slår fast at det enno ikkje er fred på Sri Lanka, og ser på utspelet frå ambassaden i Oslo som eit utslag av usemjen og det politiske spelet på Sri Lanka.

- Det er nokså spesielt at uro over ei terrorsamling er sendt til ein rektor, og ikkje til kommuneleiing eller politi. Hadde dette vore ei reell sak reknar eg det som sjølvsagt at PST eller Utanriksdepartementet hadde varsla oss. Og det har dei altså ikkje gjort, seier ordføraren i Hareid.