På Hareidseidet kolliderte først tre bilar i kvarandre like før klokka 08.00. Ambulansen kom til staden. Førebels ser det ut som dei involverte kjem unna kollisjonen med mindre personskadar.

Like etter klarte ikkje ein polsk trailer å kome seg over Hareidseidet. Traileren stod og spann i vegbana. Det gjorde at den eine køyrebana vart stengt. Fleire bilar måtte køyre gamlevegen for å kome seg over Hareidseidet frå om lag klokka 08.00 og ein periode utover. Det oppstod ein relativt lang kø.