Kunstnaren Marit Moltu frå Moldtstranda er tildelt Per Jøltings legat 2013 for sin store innsats som kunstnar, formidlar og inspirator gjennom fleire år.

Etter ei omfattande kunstutdanning i Tyskland har Moltu arbeidd lokalt og globalt med utradisjonelle kunstprosjekt. Lyd, ord, sang, variable skulpturar, teikning, aksjonskunst og installasjonar.

Ho satsar på dialog og samarbeid på tvers av fagområde, og er stadig på leiting etter rom og høve for uttrykka sine.

Eit hovudtema henna er "perifere sentra". Ho ønskjer å få publikum ut av galleria, "out of town" for å oppnå kontakt med det hu ser på som kunstems vesen. Sjølv seier ho at ho arbeider med kunstverk som aldri blir ferdig, og er alltid undervegs.

Også Marit Kaldhol

Hareidsætlingen Marit Kaldhol er også tildelt Per Jøltings legat for 2013. Ho har fått det for sitt rike forfattarskap for barn og vaksne.

Kaldhol sine bøker har ei sterk stemme for det sårbare og utsette, enten det gjeld mennesket eller naturen. Personane hennar er modige, og hus skildrar dei i eit språk som vekslar mellom poesi og prosa.

Ho har motteke fleire prisar og utmerkingar for forfattarskapen sine, og billedboka Farvel Rune (1986) er omsett til tolv språk.

35.000 kroner

Begge stipenda er på 35.000 kroner.

Målet med legatet er å støtte norske billedkunstnarar og forfattarar med tildeling av stipend, og det blir delt ut på fødselsdagen til Per Jølting, 29. november.

Med i styret for legatet er Gjertrud Hals (leiar), Ann Kavli, styremedlem og advokat Helge Aarseth, styremedlem og sekretær.