To bilar kolliderte klokka 16.23 på Hareidseidet og det har danna seg lange bilkøar ved ulukkesstaden. Politiet melder at tre personar, to menn og ei kvinne,  er skadde.

Dei to bilførarane vart sende til sjukehus med helikopter. Den tredje involverte vart frakta i sjukebil.

Ved AMK-sentralen blir det opplyset at den eine personen blir behandla for skader i andlet og bryst. Tilstanden skal vere stabi, men det skal vere for tidleg å uttale seg om skadene eralvorlege.

Tilstanden til dei to andre er ukjent.

Feil køyrebane

Politiet opplyser at årsaka til kollisjonen truleg er at den eine bilen har kome over i feil køyrebane.

Samanstøyten har vore kraftig. Den eine bilen velta over på side og har fått frontpartiet kraftig inntrykt.

Vegen er rydda

Klokka 19.20 opplyser politiet at begge bilane er fjerna frå staden, og at vegen er rydda og opna for fri ferdsel.

Fråteken førarkortet

På politiloggen står det vidare at  som bilføraren som var skuld i  ulykka var ein mann i 30 åra.

Hanfekk førarkortet kverrsett

Saka blir etterforska av Ulstein og Hareid lensmannskontor.