Regjeringa har sendt eit framlegg om endringar i pressestøtta ut på høyring. Framlegget går mellom anna ut på å kutte stønaden til aviser med eit opplag på mellom 4000 og 6000. Mellom dei avisene som vil bli råka av eit slik kutt, finn ein 10 reine nynorskaviser.

Regjeringa skriv sjølv i høyringsbrevet at nokre av avisene vil få det tøft om tilskotet vert fjerna, og Noregs Mållag er uroa for kva konsekvensane kan bli.

– Desse avisene er åleine i sitt område, og forsvinn ei av dei, vil det ha store demokratiske konsekvensar i området avisa dekkjer, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– For nynorskavisene er det ei dobbel uro fordi avismangfaldet i Noreg er med på å halde språket oppe. Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt for å halde på det, seier Marit Aakre Tennø.

– Mange stader er lokalavisene heilt avgjerande for at folk skal kunne sjå nynorsk i skrift, så lenge dei store riksavisene ikkje opnar for nynorsk i spaltene sine. Forsvinn ei nynorskavis, er dei fleste stadene det næraste alternativet ei regionavis på bokmål. Både demokratiet og språkmangfaldet er avhengig av stort avismangfald. Kvar einaste lokalavis er viktig i Noreg. Det vil vere uklokt å kutte i stønaden i ei tid der aviskvardagen er vanskeleg nok som han er, avsluttar mållagsleiaren.

Vil fjerne pressestøtta

Nynorskaviser med opplag mellom 4000 og 6000: (støtte for 2013 i parantes)

Firdaposten 430.985

Fjordingen 430.985

Hordaland folkeblad 361.024

Møre-nytt 430.985

Nordhordland 640.868

Os og Fusaposten 361.024

Strilen 640.868

Vestlandsnytt 361.024

Vest-Telemarks blad 430.985

Vikebladet Vestposten 430.985

Språkblanda aviser med både nynorsk / bokmål:

Dølen 291.063

Fjordenes tidende 430.985

Hardanger folkeblad 430.985

Telen 640.868