Den store arbeidsinnvandringa som har vore i Norge dei sisteåra har ført til svært stor vekst i talet på medlemar i dei kristne kyrkjesamfunnautanfor Den Norske Kyrkja.

Dette viser ein fersk statistikk frå Statistisk Sentralbyrå.

Talmessig har Den romersk-katolske kyrkja auka mest – frå 57.348medlemar i 2009 til 121.130 medlemar i 2013. Det er meir enn ei dobling.

Ingen andre kyrkjesamfunn er i nærleiken når det gjeld nominellvekst, men prosentmessig har også Den ortodokse kyrkja, Den islandskeevangelisk-lutherske kyrkja og den svenske Margaretaförsamlingen vakse mykje –noko vi kan forklare med ei betydeleg arbeidsinnvandring frå  Aust-Europa, Island og Sverige.

Den ortodokse kyrkja har auka medlemstalet frå 7.664 til 12.959på fem år.

Den svenska Margaretaförsamlingen har gått fram frå 15.574til 20.901 medlemar, medan Den islandske evangeliske lutherske kyrkjelyden harauka frå 2.775 til 6.634 medlemar. Islendingane står dermed for den største prosentviseframgangen med godt over ei dobling.

For andre kyrkjesamfunn er utviklinga moderat.

Totalt sett har talet på medlemar i kristne kyrkjelydar utanfor Den Norske Kyrkja auka frå 234.772 til 312.925 på desse fem åra.

NB: Tala gjeld dei kyrjkelydane som har registrert segog kjem inn under den offentlege tilskotsordninga.