Hittil i år er det tinga 25 skip til ein anslått samla verdi på 18,25 millionar kroner ved norske skipsverft. I heile 2012 vart det tinga 67 skip til ein samla verdi på 24,2 milliardar kroner. Det melder Skipsrevyen.

Nedgangen i talet på nybygg uroar ikkje adm.dir. Birger Skår i sals- og marknadsorganisasjonen Norske Skipsverft, som held til i Bergen.

– Verfta har ein total ordrereserve på 40 milliardar kroner. Det er om lag det same som for eitt år sidan, seier Skår til Skipsrevyen.

Avanserte skip

Han er meir uroa for at skipa har ein langt høgare gjennomsnittspris enn før. Det betyr at mange mindre og mellomstore verft får det tøft dei neste åra. Dette er verft som ikkje er store nok til å påta seg dei mest avanserte og kostbare skipa, og dei kan få problem om utviklinga mot stadig større og dyrare skip held fram, seier Skår til Skipsrevyen.

Mange av skipa som blir tinga, er subsea- eller konstruksjonsskip. Desse blir nytta til inspeksjon, vedlikehald, reparasjonar og konstruksjonsarbeid på olje- og gassfelt.

Trur på nye kontraktar i desember

Rekordkontrakten på 1,1 milliardar kroner som gjekk til Ulstein verft i slutten av november, omfatta bygging av eit slikt konstruksjonsskip.

Birger Skår seier til Skipsrevyen at han reknar med at det vil kome nye kontraktar i løpet av desember som gjer at sluttresultatet for 2013 ikkje blir så veldig mykje svakare enn i 2012.

Det er Vard-verfta som har sikra seg flest kontraktar til no i år, med 9 skip. Deretter følgjer Havyard med 7 skip og Kleven med 4 skip. Fiskerstrand har teikna kontrakt på to skip, medan Ulstein, Bergen Group, Fjellstrand og Larsnes Mek. har teikna kontrakt på eitt skip kvar til no i år, melder Skipsrevyen.