Desember er den månaden flest drikkekartongar hamnar i omen eller peisen.

Pipebrann

No åtvarar ekspertar mot både pipebrann, helsefare og høg forureining lokalt, melder Pressenytt.

Ei ny spørjegransking gjennomført i desember av Ipos MMI for Grønt Punkt, viser at totalt 7 prosent av alle drikkekartongar går opp i røyk.

Dette er både helsefarleg og svært forureinande, åtvarar Ivar Bjerke, fagansvarleg ved Norsk Brannvernforening.

- Dersom du brenn noko anna enn ved i omnen din, kan det generere store mengder giftig røykt, understrekar Bjerke.

Gjenvinning i staden

Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt Punt, er overraska over at det framleis er så mange kartongar som blir kasta i omnen.

- Dei gir lite varme, mykje oske og ikkje minst gjer dei at vi ikkje får brukt ressursar fleire gongar i materialgjenvinning, forklarer Ljøstad. (Pressenytt).