Mannen var sint allereie då han kom inn på kontoret, der han ville ha pengar frå NAV. Mellom anna feia han til sides eit bord og utløyste ein brannalarm. Han kom også med truslar mot NAV-tilsette. Det er ikkje tatt blodprøve av mannen, men politiet held det som sannsynleg at mannen var berusa. Han framstod i alle fall slik.

Politiet kom til staden og sende mannen i arresten.

- Der blir han i alle fall til i morgon, så får juristane ta stilling til kva som skjer vidare, seier lensmann Odd Kulø til Vikebladet Vestposten.