Anlegget har hatt konsesjon for settefiskproduksjon på Flø sidan 1986. I 1996 søkte dei Ulstein kommune om å få auke produksjonen sin frå 850 000 sjødyktige setjefisk til 2,5 millionar sjødyktig setjefisk. Samstundes leverte dei søknad om konsesjon for dei tiltaka som søknaden omhandla.

Ulstein kommune sa ja til denne auken i produksjonen og dei endringane det førte til. Men så stoppa prosessen opp. Det skjedde mellom anna på grunn av at overføring av forvaltningsansvar frå Fiskeridirektoratet til Fylkeskommunen, og for at NVE endra rutinane sine for søknader om setjefiskanlegg.

Vassuttak frå Storelva

Det har blitt teke ut vatn frå Storelva til dette settefiskeanlegget sidan oppstarten. Tekniske inngrep knytt til vassuttaket er alt etablert.

Selskapet søkjer no om eit maksimalt vassuttak på 15 m³/min og eit gjennomsnittleg vassuttak over året på inntil 8 m³/min. Nedbørfeltet som drenerer ned til inntaket er berekna til 9,6 km² og middelvassføringa til 470 l/s (28,2 m³/min).

For å sikre tilstrekkeleg med vatn i periodar med lite tilsig søkjer Marin Harvest om å regulere Brørevatnet med 45 centimeter. Det vil gje eit samla magasinvolum på om lag 141 000 m³. Det er planlagt å sleppe ut ei heilårleg minstevatnføring frå Brørevatnet på 25 l/s.

Selskapet ønskjer også å oppretthalde den etablerte fiskesperra 370 meter oppe på sjøaureførande strekning i Storelva.

Marine Harvest skriv i søknaden sin at etter utvidinga vil vassbruken ved anlegget i praksis vere den same som i dag.

Regulert til næring

I kommuneplanen for Ulstein er dagens anleggsområde avsett til næring.

Lagt ut til høyring

Søknaden om løyve til vassuttak frå Storelva og regulering av Brørevatnet er lagt ut på høyring med frist 24. februar 2014.

Dokumenta finst både i resepsjonen på Ulstein rådhus og på heimesidene til NVE.