Arbeidstilsynet har varsla Hareid kommune om at dei vurderer å gi kommunen ein tvangsmulkt på 500 kr. per døgn viss dei ikkje får tilsendt ei kartlegging av støyrisikoen i Hareid barnehage.

21. oktober i fjor fekk kommunen pålegg om å kome med ei risikovurdering innan 3. februar 2014. Men per 21. februar i år hadde Arbeidstilsynet enno ikkje fått den etterspurde dokumentasjonen.

Dei viser til at arbeidsgjevaren skal kartlegge arbeidstakarane si eksponering for støy og vurdere ein kvar risiko for helse og sikkerheit.