Det har vore storinteresse blant studentar og ungdommar for å jobbe i Havyard. Dei siste sommaranehar mange ungdommar vore tilsett som Young Professional Summer Interns, ellerdeltatt på det to veker lange Havyard Academy Summer Program.

I år er interessarekordhøg. Heile 317 unge studentar ynskjer å jobbe i Havyard.

– Dette er vi sjølvsagtveldig fornøgde med, seier HR-konsulent Ingrid Thorseth, som fortel at dei nohar ein del arbeid framføre seg med å plukke ut kven som skal gå vidare tilintervjurunda.

Jentene i fleirtall

Av søkjarane tilsommarprogrammet er over 60 prosent jenter, og 40 prosent av dei som ynskjersommarjobb er også jenter. Med tanke på fråflyttingstrenden blant unge kvinneri fylke som Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er dette eit godt teikn.

– At nærare halvparten avsøkjarane til Havyard sitt sommaropplegg er kvinner, ser eg på som sværtpositivt, seier HR-direktør Frank-Levi Kvalsund, og legg til at han også eroverraska, med tanke på at den maritime næringa tradisjonelt sett har vore mannsdominert.

– Det er flott at dette kanvere på veg til å snu, seier han.

Bra forrekruttering

Mange av dei som blirintroduserte for bransjen som Young Professional Summer Interns eller viaHavyard Academy Summer Program, kjem tilbake som jobbsøkjarar seinare, ogHavyard har rekruttert fleire av dei.

– Vi veit at den maritimenæringa er ein attraktiv arbeidsplass, og det er difor svært hyggeleg at over300 personar ynskjer å jobbe ute i distrikta hjå oss, seier Kvalsund.

Dei som blir tilbydt einjobb som Summer Intern vil få ulike oppgåver i konsernet som ferieavløysarar ikontorstillingar eller i produksjonen. Her blir ungdommen tilbydt blant annajobbar innan konstruksjon, økonomi, marknadsføring, innkjøp, IT og personell.

Introduksjonskursog sommarjobbar

Havyard Academy Summer Programhar plass til 18 deltakarar, som får ein unik sjanse til å bli kjent med denmaritime bransjen generelt og Havyard spesielt.

– I Leirvik får deiomvising på verftet, medan dei på Sunnmøre får møte konsernet si leiing, itillegg til at både tilsette og traineear presenterer seg og jobben sin, fortelIngrid Thorseth, og seier at i år kan deltakarane dessutan glede seg til nokolitt spesielt.

– Dei får vere med på eintur til Polen og Havyard si designavdeling der, avsluttar ho.

I tillegg til de 18ungdommane på introduksjonskurset vurderer Havyard å tilsette mellom 30 og 40Young Professional Summer Interns (sommarjobb) i år.