Godvêret har ført folk opp i fjellheimen dei siste dagane. Langt fleire bør ta turen no som det er så flotte forhold, meiner Ole Terje Sukka.

- Onsdag tok eg turen frå Varleitet til Vikeskardet på joggesko, med sekk og ski på ryggen. På toppen av Vikeskardet kan ein ta på seg skia og gå så lenge ein ynskjer utover mot Mosvarden og Brørene. Snøen held godt, og det er meir enn nok å ta av.

Han fortel at det er fin styresnø til langt ned på fjellsidene, og at det i dalen under Mosvarden opp mot Vikeskardet kan verte litt mjukt på ettermiddagen.

- Det er absolutt verdt det. Ein må berre bere skia eit lite stykke først, seier Sukka.