I kveld – laurdag 29. mars mellom klokka 20.30 og 21.30 lokal tid er det Earth Hour-dag over heile verda.

Oppslutninga om verda si  største klimamarkering ser ut til å bli rekordstor, både i Noreg og i verda.

Earth Hour vart igangsett av WWF for første gong i Sydney i 2007, og i Noreg og resten av verda i 2008.

158 land og landområde har sagt ifrå at dei deltek. Det «symbolske demonstrasjonstoget» går ut på å slå av lyset ein time – og tek til på Samoa i Stillehavet lokal tid klokka 20.30 og blir avslutta på Cook Islands på den andre sida av datogrensa eit døgn seinare.

Noreg «marsjerer» om lag midtvegs i toget.

I Noreg har 201 kommunar meldt seg på i år. Det er 20 fleire enn rekorden på 181 frå 2011.

I år er Earth Hour integrert i WWF sin klima- og energikampanje «Det skjer!» for auka satsing på fornybar energi i kampen mot klimaendringene.