Tradisjonelt har Vik Ørsta sine satsingsområde vore innan lysmaster, bergsikring, trafikktryggleik, marinaløysingar og utemiljøprodukt. Felles for dei fleste av desse er at dei er kledde med overflatebehandlinga Combicoat, ein teknologi som kombinerer varmforsinking og pulverlakkering. Dette gjer at lakken herdar til underlaget, og hindrar at den skalar av. Teknologien har vore brukt gjennom fleire tiår, mellom anna på marinaprodukta, som stiller svært høge krav til korrosjonsvern i tidvis ekstreme miljø.

Combicoat er eit resultat av ein mannsalder med røynsle innan overflatebehandling hos bedrifta, der dei starta med varmforsinking i 1947.

Skip og offshore

Combicoat vart nyleg Norsok-godkjent, noko som gjer at behandlinga kan brukast på offshoreinstallasjonar og skip. Dette opnar for at Vik Ørsta kan utvide porteføljen sin til nye og store marknader.

– Investeringa av nytt datasystem for styring av sal, fabrikk og logistikk har yttarlegare forbetra Vik Ørsta sin leveringspresisjon til kundane. Vik Ørsta opplevde i mars rekordhøge 98,7 prosent treffsikkerheit kva gjeld presisjon, rett pris og rask leveringstid. Vi ønskjer difor å tilby stålbearbeiding og overflatebehandling til andre enn våre eksisterande kundar. Aktørar innan den «maritime klyngja» i lokalmiljøet er vårt førsteval, då vi ønskjer eit tettare samarbeid med lokale aktørar for å styrkje eigen innovasjonstakt. I den maritime bransjen er overflatebehandling viktig. Samstundes har vi full kontroll på stålkvaliteten og heile verdikjeda, noko ein ikkje alltid har frå utanlandske leverandørar, seier salsdirektør Tor Ose i Vik Ørsta.

Kontrollert miljø

Avdelingssjef Jarle Steinar Bjørdal peikar på at styrken til Combicoat-behandling er det særleg robuste vernet mot korrosjon. I tillegg er pulverlakk den mest miljøvenlege lakkeringsmetoden ein kjenner til i dag.

– Vi utfører arbeidet i eit industrielt og kontrollert miljø, som er samla innandørs. I den marknaden vi no prøver å få meir oppdrag i, overflatebehandlar og målar ein i dag stålet utandørs inn i mellom regnbygene. Med vår Combicoat-prosess vert produkta varmforsinka, kjemisk forbehandla, og deretter pulverlakkert. Det gir eit unik korrosjonsvern, seier Bjørdal.

Han peikar også på at pulverlakkerte produkt kan leverast i heilt valfrie fargar, noko designmedvitne kundar er opptekne av.

Kuttar arbeidskostnader

Innan skipsindustrien er til dømes rekkverk og leiderar typiske stålprodukt som kan leverast ferdig utforma og overflatebehandla av Vik Ørsta.

– I dag vert slikt helst sveisa på plass om bord, før ein har på grunning og sprøytemålar det. Det er eit manuelt og tidkrevjande arbeid, og ikkje minst dyrt med dei lønskostnadene vi har i Noreg, seier Tor Ose.

Strategi

Med det nye pulverlakkeringssystemet til Vik Ørsta i Skorgeura, hjelper automatikken operatørane gjennom heile heile prosessen med pulverlakkering.

– Det er ein fordel å halde seg i teknologisk forkant, automatisere og halde kostnadene våre nede og kvaliteten oppe. Det er ein del av filosofien vår, og har vorte viktig dei siste åra, i konkurranse med lågkostland, seier arbeidsleiar Kjetil Sætre.