Helge Orten (H) og Harald Tom Nesvik (Frp.) har på vegner av Regjeringa  akkurat no på ein pressekonferanse i Ålesund kunngjort at  Hafast blir traseen for E 39 på Søre Sunnmøre

Vedtaket til regjeringa inneber at Fefast er skrinlagd som trase.

Sandli er letta

Kjell Sandli seierat han er særs letta og glad.

Det var eit klart vedtak, men eg ser at Hafas-styret har mykje arbeid framfor seg.

Seier ingen ting om byggjestart

Orten og Nesvik vil ikkje seie noko om kva tid det blir byggestart for Hafast. Det er ikkje lagt inn i budsjett. Det som no er gjort, er å seie klart frå om at regjeringa har valt Hafast-traseen.

Påskeferie med god kjensle

- Alle i industrien på Ytre Søre er letta og glade no. No tek vi påskeferie med ei god kjensle, kommenterer dagleg leiar Terje Høybakk i Maritim forening for Søre Sunnmøre.

Sandli og Høybakk seier dei no vil gjere sitt bestefor at det skal bli oppstart på Hafast innan 5-8 år.