På Hareid rådhus blafrar flagget i sval vind i dag. Ordførar Anders Riise (H) har personleg heisa det til topps.

- Regjeringa sitt vedtak om å satse på Hafast-traseen betyr alt for regionen vår. Næringslivet vårt skal bryne seg mot miljøa i Stavanger og Bergen, og for å klare det treng vi eit stor-Ålesund, kommenterer Riise.

Bruke sentrum til noko fornuftig

Han meiner fordelene vil bli mange også for Hareid, og han ser på regjeringsvedtaket om Hafast som det viktigaste vedtaket som er gjort for Hareid dei siste 40-50 åra.

Hafast-vedtaket inneber mellom anna at Hareid kommune fram i tid vil få vekk ferjeleiet og dei store parkeringsområda i sentrum.

- Då kan vi få bruke sentrum til noko fornuftig.

Ny vegtrase

Hareid kommune har i planprogrammet sitt vedteke at traseen for Hafast skal gå frå området mellom Raffelneset og Overå. Derfrå skal traseen så raskt som råd inn i fjellet i Melshornet fram mot Kaldholen og Røyset. Der skal vegen kome opp på sørsida av golfbana ved Hovdenakken og gå vidare i retning mot Ulsteinvik.

- Vi vil dermed få vekk det hardt belasta fylkesvegen gjennom Hareidsdalen. Då vegen vart bygt tidleg på 60-talet var det ingen som kunne føresjå kor stor trafikken kom til å bli. Når Hafast kjem slepp dei som bur langs dagens riksveg all tungtrafikken og støyplagene, seier Riise.

Ordføraren meiner også at med Hafast på plass vil Hareid bli meir attraktiv både som bu- og næringslivskommune. Dette fordi det blir enklare å kome seg til å frå Hareid.

Riise rosar Regjeringa for vedtaket dei har gjort. Han meiner statsråd Ketil Solvik-Olsen og samferdselsdepartementet har gjort ein grundig jobb med høyringar og to dagars rundereise på aktuelle trasear.

Takk til Fure og Ulstein

Riise vil også rette ei spesiell takk til Olav Fure som har vore pådrivar det meste av tida, men også til styreleiar Gunvor Ulstein i Hafast, som har tatt nye og viktige steg vidare.

Oppmodar om flaggheising i Ulstein

Mafoss-leiar Terje Høybakk oppmodar folk i Ulstein om å gjere det som som Hareid i dag: heise flagget til topps for Hafast.