- Det er ingen vits i å furte over vedtaket frå regjeringa og å snakke stygt om nokon, seier ørstaordførar Rune Hovde til Møre-Nytt etter at Hafast vart valt som trasé for ein framtidig E39.

Han meiner at tida no er inne for å kjempe for Ørsta sine interesser og få på plass ei kryssing over Ørstafjorden

- Det er høgst realistisk at ein kan få realisert Ørstafjordkryssing før Hafast, seier Hovde til avisa.

Han meiner at tungtrafikken uansett vil velje den flataste og kortaste vegen og difor framleis køyre via Vartdalsstranda.