Styreleiar Gunvor Ulstein i Hafast fortel ho vart rørt til tårer då Regjeringa sitt vedtak om Hafast vart kunngjort.

Ho har tru på at Hareid Fastlandssamband kan bli opna ii 2022 eller 2023.

Trist faren ikkje fekk oppleve dette

Det einaste skåret i gleda for  styreleiaren i Hafast er at ho skulle ønskje faren, Idar Ulstein fekk oppleve å høyre regjeringsvedtaket.

- Faderen var svært oppteken av Hafast. Han snakka om dette sambandet heilt til det siste, fortel Gunvor Ulstein.

Mange å takke

Idar Ulstein var ein av pådrivarane til Eiksundsambandet, og ho trekkjer fram både Nærø, Olav Fure og Hans Gisle Holstad som viktige samferdselspådrivarar. Dei to sistnemnde for Hafast.

Eit meir kraftfullt fylke

- Med Hafast på plass får vi sjansen til å vidareutvikle den maritime klyngja. Saman med Møreaksen vil dette binde Møre og Romsdal saman til ein kraftfull regionen.

På Ytre Søre står dei maritime bransjane sterkt, lenger nord i fylket er dei dyktige på olje og gass. Saman kan vi byggje ein verkeleg sterk region.

Fokus på tekniske løysingar

Gunvor Ulstein seier at det neste steget for styret i Hafast no blir å gå i djupna på kva som blir dei beste tekniske løysingane til fjordkryssing. Styret har alt hyrt inn MT LNG til  å vurdere flytebru, og dei har også oppretta kontakt med Marin teknikk i Trondheim.

- Vi må blant anna få fakta om verdata. Vind, straum og bølgjer. Det blir viktig for å velje dei rette tekniske løysingane, slår ho fast.

Byggjestart før 2020

Styreleiaren i Hafast meiner det er realistisk å starte sjølve bygginga før 2020. Med ein byggjeperiode på tre år, ser ho føre seg opning av Hafast rundt 2023. Styret ønskjer å ha eit tett samarbeid med Statens vegvsen. tyret ønskjer å ha eit tett samarbeid med Statens vegvsen.

Vil samarbeid med Ørsta- Volda-regionen

Gunvor Ulstein kan forstå at Fefast-tilhengarane no er skuffa, og ho vil gjerne understreke  at Hafast-styret ønskjer eit godt samarbeid. - Skal vi kunne utvikle oss vidare til ein slagkraftig region treng vi eit godt samarbeid med Ørsta og Volda.

- Siger for lokaldemokratiet

Ho vedgår at ho var spent på kva trasé regjeringa ville velje, men meiner Hafast heile tida har jobba med å få fram fakta.

- Traséen vår går det folk bur og der utviklinga skjer. Og vedtaket er også ein siger for lokaldemokratiet. For både Fylkestinget, fleirtalet av kommunane, NHO og LO i Møre og Romsdal har sagt Hafast