Måndag vart det klart at Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og hans departement går inn for kryssing av Storfjorden over Hafast. Det var leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Oddbjørn Vatne (Sp), godt nøgd med. Då er det klart at det blir slik som fylkestinget gjorde eit nesten samrøystes vedtak om, både når det gjeld Hafast og Møreaksen, seier Vatne.

– Det syner og at regjeringa legg vekt på det same som fylkestinget og det å utvikle bu- og arbeidsregionar, og at ein har prioritert det som gir mest samfunnsnytte, meiner Vatne.

– Vedtaket er ein innertiar, og me ser at når fylkestinget kan gjere eit samrøystes vedtak, og har med seg næringslivet i tillegg, så stiller ein sterkt.

I pressemeldinga frå samferdsleministeren vert det opplyst at ein i tillegg til utgreiinga av Hafast, også må utgreiast ei kryssing av Vartdalsfjorden. Vatne trur likevel at Eiksundtunnelen vil stå seg godt ei god stund enno.

– Optimalt sett må ein gjere noko, men dette er ikkje primærområdet. Først må vi sikre løysingane for Hafast, seier Vatne. Han legg samstundes til at det gjerne kjem framlegg om mange ulike trasear medan ein arbeider med samferdsleprosjekt, men at kryssinga av Vartdalsfjorden er noko ein bør ha i tankane, sidan det kan ha verknader for linjeføringa til E39 på Hareidlandet.