Ikkje berre er Anders Riise og Olav Fure nærmaste naboar i same byggefelt på Hareid. Dei er også noverande og tidlegare ordførar i kommunen. Det var stor kakefest for dei tilsette på Hareid rådhus tysdag, men ein person mangla, nemleg Olav Fure. Han var sjølvaste primus motor for fastlandssambandet over Sulafjorden gjennom ei årrekke, og var formann i Hareid fastlandssamband i 23 år. Ordførar Riise tok difor med seg ein bukett blomar og eit kakestykke heim til Olav i staden.

- Utan den fantastiske jobben du og andre har gjort for Hafast hadde vi ikkje vore der vi er i dag, sa ein tydeleg stolt ordførar til sin forgjengar då han overrekte gåvene.

Kommunene må samarbeide

Olav tok i mot blomane og kakestykket frå ordføraren med eit stort smil om munnen. Det var han som først byrja å jobbe med ideen som har utvikla seg til eit storprosjekt regjeringa no tydeleg har stor tru på.

Olav Fure blei ordførar i Hareid i 1984, og fekk allereie same sommaren ein idé om eit fastlandssamband mellom Hareid og Sula. To år seinare vart aksjeselskapet Hareid fastlandssamband skipa. Olav blei valt til formann, ein posisjon han hadde dei neste 23 åra.

- Det er stort at det endeleg skjer. Det er rart med det, men det er mange som har vore imot dette opp gjennom åra. No gjeld det for alle kommunene på Søre Sunnmøre å arbeide saman for å få på plass dette sambandet så raskt som råd. Det nyttar ikkje å klage på det som har blitt bestemt, for det er endeleg, seier Fure.

- Håpar eg får det med meg

Olav fyller 86 i år, men han håpar og trur at Hareid Fastlandssamband kan kome på plass i løpet av hans levetid.

- Eg har fått med meg at Ståle Rasmussen (administrerande direktør i Kleven) meiner ambisjonane bør vere å ha Hareid Fastlandssamband ferdigstilt om 6-8 år. Eg trur det er mogleg, og eg trur og håpar at eg får det med meg, seier Olav Fure.

Les også: