Sidan 1988 har Ulstein Betongindustri produsert og levert betongflåter til fiskeoppdrettsnæringa. Oppdrettskjempane Lerøy og Salmar er av dei største kundane til Ulstein Betongindustri sitt dotterselskap Ulstein Betong Marine AS. Andre påskedag er det nettopp Salmar som får ein ny betongflåte til sitt oppdrettsanlegg på Frøya i Sør-Trøndelag. Då kjem taubåtar for å taue den 39,5 meter lange og 29,5 meter breie flåten nordover.

– Det blir ei av dei desidert største betongflåtene i Norge og verda, men heilt klart den største som har blitt bygd her på "Borja", seier dagleg leiar i Ulstein Betong Marine, Harald Sætre.

Dei tilsette i selskapet på Haddal ligg definitivt ikkje på latsida, og bygg nummer 92 er allereie under konstruksjon.

– Utfordrande bygg

Betongflåten har ei total eigenvekt på 2.200 tonn, og ein lastekapasitet på 725 tonn. Med totalt sju lugarar, fleire kontorplassar og kontrollrom, fungerer flåten både som ein bustad og ein arbeidsplass for dei som jobbar ved oppdrettsanlegga. I underetasjen er det montert 12 forsiloar, fire fleire enn på ei gjennomsnittleg betongflåte. Det nye med denne konstruksjonen er at kunden Marine Construction, som står for vidaresal til Salmar, har hatt fleire spesifikke krav.

– Det har vore eit utfordrande bygg, både på grunn av storleiken og krava. Flåten skulle mellom anna stå i stil med lakseslakteriet på Frøya, og fargar og design hadde kunden ganske klare tankar om. Difor har det nok tatt noko lengre tid å fullføre dette prosjektet enn det gjer til vanleg, seier prosjektutviklar Audun Eikrem.

Bygget var påbyrja i august i fjor.

Får skryt av kunden

Lokale leverandørar har levert både utstyr, innreiing, elektrisk arbeid og tømrararbeid på flåten. Marine Construction, som har vore ein kunde av Haddal-verksemda på fleire tidlegare bygg, skryt uhemma av kvaliteten på betongflåtene.

– Det produktet Ulstein Betong Marine leverer er i ypparste verdsklasse, seier dagleg leiar Tore Håkon Riple til Vikebladet Vestposten.