– Den aller viktigaste grunnen til at vesle Jets no tek imot ein slik pris er våre fantastiske tilsette. Vi er ein flott organisasjon som eg er svært stolt av, seier administrerande direktør Jan Tore Leikanger, som legg til:

– Den sterke maritime klyngja skal også ha heider. Sjølve grunnen til at vi er i ein posisjon der vi kan vinne Eksportprisen er fordi dei har hjelpt oss dit vi er i dag.

Jets Vacuum vann prisen i tøff konkurranse med selskap som National Oilwell og Indra, men også lokale selskap som Ulstein Design, Stokke og Ekornes.

Nominert for VM-toalett

Jets har skapt seg eit internasjonalt merkenamn med sine banebrytande toalettsystem, og bedrifta har levert til cruiseskip så vel som fotballarenaer. Sistnemnde kundegruppe var også grunnen til at Hareidsbedrifta blei nominert til den nyoppretta prisen.

– Vi leverte 1.000 vassparande vakuumtoalett til Castelao Stadion i Brasil, ein av arenaene der det skal spelast kampar under VM i sommar. Den ordren er vi ferdige med for ei stund sidan, men det er jo kjekt å få ein slik heider i etterkant, seier Leikanger.

Castelao Stadion blir eit av stadionanlegga under fotball-VM i sommar, og skal mellom anna huse oppgjeret mellom Uruguay og Costa Rica, og kampen mellom vertsnasjonen Brasil og Mexico.

Kronprinsen delte ut prisen

Jan Tore Leikanger gjekk sjølv på scena for å ta imot prisen under Eksportkonferansen i Oslo førre onsdag. Prisen var det sjølvaste kronprins Haakon som delte ut.

– Det at det offisielle Norge delte ut prisen gjer jo denne heideren ekstra stor. Det var stor stas for oss at det var kronprinsen som stod for utdelinga. Han var verkeleg interessert i det vi produserer, og eg samtala med han i gode tjue minutt etter utdelinga, seier Leikanger.

Det er Eksportkreditt Norge, Garanti-instituttet for eksportkreditt og dotterselskapet til GIEK, GIEK kredittforsikring som står bak den nyoppretta prisen.