– Ja, det er berre å takke politikarane i Hareid, og folket som har engasjert seg så sterkt mot oppdrett, seier Kurt Willy Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund.

Etter å ha blitt kontakta av lokale medlemmer har Miljøvernforbundet engasjert seg i saka om oppdrettsanlegg i Brandal.

– Vi har eit fast opplegg for slikt og hadde med to av våre folk under informasjonsmøtet i Brandal, seier Oddekalv som legg til at det lokale engasjementet er viktig i slike saker.

Øydelegg villfisken

Kurt Oddekalv har engasjert seg sterkt mot oppdrettsnæringa, og han meiner det viktigaste med saka i Brandal, er det ein har unngått.

– Det verste med desse anlegga er at det blir mista om lag 430 kilo fôr om dagen, og at så mykje som 50 tonn villfisk kan bli gåande å beite på pellets frå anlegget. Denne fisken blir langt giftigare enn laksen, hovudsakleg fordi den har lenger levetid, fortel miljøforkjemparen.

Spesielt ille meiner Oddekalv det er for seien.

– Den blir mest øydelagt. Seien vandrar opp mot 18 kilometer for å beite ved slike anlegg. Det fører til endra enzymstruktur i fisken, og den byrjar å rotne så snart den blir avliva. Den blir heilt uetande, slår Oddekalv fast og fortel at kvardagsfisket i stor grad blir øydelagt.

Ifølgje Oddekalv er også forureining og ein kraftig auke i lakselus noko ein må rekne med, i samband med oppdrettsanlegg.

Vil ha krav om lukka anlegg

– I eit anlegg med 2 millionar fisk, med 0,5 lus per fisk blir det produsert 50 millionar luselarvar kvar dag om vinteren og det dobbelte om sommaren, seier Oddekalv og viser til forsking gjort ved Universitetet i Bergen.

Leiaren av Norges Miljøvernforbund meiner det er på høg tid at oppdrett blir flytta inn i lukka anlegg, men han vil og ha ei mykje mindre oppdrettsnæring.

– Næringa må ned på ein femtedel av dagens storleik. Vi har no flytta kampanjen til utlandet. Den einaste måten for å få oppdrettsnæringa til å lytte på, er ved å svekke marknaden deira, seier Oddekalv.

– Frå eit oppdrettsanlegg kjem det nok drit til at ein kunne gjødsle 15 kvadratkilometer jordbruksland. Det har ingenting i havet å gjere, seier Kurt Oddekalv avslutningsvis.