– Eg er veldig glad for at vi saman med Sande Næringsforum har klart å løfta fram dette prosjektet, og at det no blir ein realitet, sa ordførar Dag Vaagen (H) under ein presseseanse på Sande rådhus torsdag. Han la også vekt på samarbeidet med aktørar frå nabokommunene.

– Vi stiller med tomt, entreprenøren kjem frå Hareid, og arkitekten kjem frå Ulstein, så dette er svært spesielt.

– Indrefiléten

– Dette blir sjølve indrefiletén på bustadmarknaden i Sande, lova prosjektleiar Peter Rise i Rise Bygg til dei frammøtte.

– Her har ein butikkar, lege, rådhus og bensinstasjon heilt i nærleiken. Det er ei spanande tomteplassering, og ideell for alle aldersgrupper, sa arkitekt Kristian Sporstøl like etter.

Til stades på pressemøtet torsdag var Endre Skeide og Peter Rise frå entreprenøren Rise Bygg, Kristian Sporstøl frå Sporstøl Arkitekter AS, ordføraren i Sande, Dag Vaagen (H), rådmann Asbjørn Moltudal, Rasmus Ekroll frå teknisk eining og leiar i Sande Næringsforum, John Georg Larsen.

20 leilegheiter ved sjøen

1. juni blir leilegheitene lagt ut for sal. Om salet går bra, ser entreprenøren Rise Bygg føre seg å byrje på oppdraget allereie til hausten. Etter planen skal det totalt byggjast 20 leilegheiter til ein samla salspris på i underkant av 70 millionar kroner. Dei to einingane vil ligge ved sjøen, på nedsida av eksisterande næringsbygg, der Joker og Coop Marked held til i dag. Alle leilegheitene vil bli universelt utforma, og salsprisen på dei rimelegaste leilegheitene vil byrje på rundt 3 millionar kroner. Det endelege prospektet og prisar vil vere klart til salsstart i byrjinga av juni.

Før ein kan byggje må det fyllast på med masse i sjøen, slik at ein får opparbeida den 2.700 kvadratmeter store tomta som trengst. I kjellaretasjen blir det parkeringsgarasje.

Eit bustadprosjekt av ein slik skala har aldri før blitt gjennomført i Sande kommune.

– Det er ein milepæl for oss. Bustadmarknaden i Sande har ikkje vore så dynamisk tidlegare, men vi har sett behovet for slike typar bustadeiningar. Vi bryt ein ny barriere dersom vi klarer å realisere dette, seier ordførar Dag Vaagen, som saman med John Georg Larsen i Sande Næringsforum har vore pådrivarar for prosjektet.

– Vi har eit ekspanderande næringsliv i Sande, og vi treng bustader, det er heilt sikkert, seier John Georg Larsen.