Det var rådet i Landsbyen Larsnes, ein form for paraplyorganisasjon som hjelper lokale lag og organisasjonar, som først tenkte at det ville vere kjekt med ein eigen landsbyquiz på Larsnes. I samarbeid med Vika Kro arrangerer ein quiz på det jamne ein gong i månaden.

- Vi ville skape ein sosial møteplass. I utgangspunktet tenkte vi å prøve ut ideen to-tre gongar, men etterspurnaden etter fleire quiz-arrangement kom allereie etter eit par forsøk, seier Trond Torset. Han og Margunn Rekdal har vore quiz-masterar sidan starten. Framover vil duoen også få hjelp frå Håkon Vestnes og Hans Amund Eidheim.

Til no har det vore 16 slike quiz-arrangement på Vika Kro ved ferjeleiet på Larsnes, og tanken er å arrangere ein quiz i månaden framover.

- Det er eit heilt uformelt opplegg. Det viktigaste er enkelt og greit å delta, og å ha det kjekt, seier Torset.

Over 60 frammøtte

Trond Torset, som til dagleg er rektor ved Larsnes skule, fortel at så mange som 200 ulike personar har vore innom tidlegare quiz-arrangement. Rundt høgtidene blir oppmøtet på kvar quiz endå litt betre, då studentar og utflytta larsnesingar legg turen heimover.

- Quizen har vist seg å vere eit populært føretak her i bygda. Til vanleg møter rundt 40 bygdefolk, men no i påska og i jula er det stinn brakke.

Over 60 frammøtte fekk med seg quizen tysdag, med kategoriar som forfattarskapet til Jostein Gaarder, typar drikke og geografi.

- Vi trur at quizen er komen for å bli. Vi veit at folk kosar seg, for responsen vi får er svært positiv, seier Torset avslutningsvis.