På eit møte med Statens vegvesen tok Ulstein kommune opp at det ikkje er triveleg for skuleborn å ferdast langs fylkesveg 61 i Botnen. Nokre går langs vegen for å kome til busstoppet. Er det mogleg å gjennomføre nokre enkle tiltak for å gjere det tryggare for skuleborna? Der er ikkje lys og det er eit forbikøyringspunkt.

Vegvesenet svara at dei ikkje kan setje ned farta på grunn av eit kryss. Det kan vere mogleg å prioritere strakstiltak om dei får pengar frå fylket til det.