På eit møte med Statens vegvesen tidlegare i år tok Ulstein kommune opp at det er ubehageleg for syklistar å køyre frå Garshol, gjennom Kvalnestunnelen og til Garneskrysset. Dei må sykle gjennom tunnelen i lag med tungtrafikk. Kommunen ønskjer opprusting av 300–400 meter rundt. Dette må innarbeidast i trafikktryggingsplan.

Vegvesenet svara at beredskapsveg fordrar tiltak kvart andre eller tredje år. Der blir ikkje asfalt. Kommunen treng tilgang til nøkkel til bommen.