Mange har nok akkurat kome på hytta når dei les dette, men det kan vere greitt å tenkje over korleis ein vil forlate hytta.

Er påskeferien siste tur til vinterhytta, blir sjekklista ekstra lang når du skal stengje og reise heim.

Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonsansvarleg i Frende Forsikring, vil råde hyttefolket til å starte med å stengje av hovudstoppekrana.

Tal frå Finans Norge viser rekordstore utbetalingar etter vasskadar på norske hytter. Heile 123 millionar kroner berre i første halvår av 2013, mot 140 millionar i heile 2012. Frende sine eigne analysar viser at 43 prosent av skadane på fritidsbustader er knytt til vasskadar.

Store vasskadar

Byrjar vatnet først å piple, sprute eller fosse, blir skadeomfanget på hytta ofte så voldsomt, fordi det gjerne går lang tid før det blir oppdaga.

– Skrur du ikkje av vatnet risikerer du at erstatninga frå forsikringsselskapet ditt blir redusert, seier Slettemoen.

Ho fortel at hovudregelen er at stoppekrana skal stengjast og tappekrana opnast om du skal vere vekke meir enn 15 døgn om sommaren og 3 døgn om vinteren.

Når du har slått av vatnet, og tappa ut av røyra, står resten av hytta for tur.

Tøm hytta sjølv

– Ei tom hytte er eit lett bytte for tjuvar. Dei kan ofte tømme hytta i fred og ro, difor bør du vurdere nøye kva du har av verdifulle gjenstander på hytta, tipsar Slettemoen.

Ho meiner at folk ikkje bør oppbevare alkohol, medisinar, våpen eller nøklar på hytta. Om du set opp eit lite skilt om at hytta er tømt, kan det vere at tjuven ikkje tek seg bryet med å bryte seg inn. Lukk gardinane for å hindre innsyn.

Lag liste

Slettemoen vil også råde hyttefolket til å setje opp ei liste over inventaret på hytta, gjerne med bilete eller film, slik ein del også gjer heime.

Innbuet i hytta er det du sjølv som oppgjev verdien av, medan innbuet i heimen gjerne er dekt av ein kollektiv avtale. Difor er det viktig å justere opp forsikringssummen når du går til innkjøp av noko nytt, rådar forsikringsselskapet.

Dei ser ofte at menge vil oppleve eit økonomisk tap om hytta blir utsett for skade, då dei har for låg innbuforsikring. Folk eig ofte meir enn dei trur.

Heide Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring ber folk tenkje over kva dei har av verdigjenstander på hytta.(illustrasjonsfoto: iStock/Frende)