Norvald Myrene (snart 85) har måla sidan 1954. Tysdag 22. april, rett over påske, opnar han utstilling ved Melshorn Hotell på Hareid.

På lærarskule

Det var medan han gjekk på lærarskule i Volda tidleg på 1950-talet, Myrene fekk augene opp for  bildekunst.

- Der fekk eg ein fantastisk teiknelærar som heitte Harald Håvåg, som lærte meg mykje. Dei ville ha han til Kunstkademiet i Oslo, men han ville vere i Voldene, fortel Myrene.

I ca. 60 år har Norvald Myrene med jamne mellomrom stilt seg opp for å fange opp nye motiv og stemningar.

- Eg bestemte meg tidleg for at målinga ikkje skulle bli noko levebrød. Det er lærar eg har vore heile tida, fortel  Myrene.

Skribent

Han har også vore glad i å skrive, og har hatt mange artiklar på trykk blant anna i Vikebladet Vestposten og Vestlandsnytt. Fleire av desse artiklane har han ramma inn og tatt med seg til utstillinga på Melshorn Hotell. Dette fordi fleire av oljemåleria har motiv som handlar om artiklar han har skrive. Det kan til dømes vere interessant å lese artikkelen om «Pettersen på Borgja», når folk skal studere oljemåleriet «Borgja».

Dei aller fleste bileta har motiv frå Ytre Søre Sunnmøre, og alle er måla med oljefargar.

- Akryl tonnar for fort. Eg må ha det slik at eg kan arbeide lenge med bileta, forklarer han.

Sjølv om Norvald Myrene snart rundt 85 år, har han ingen planar om å slutte verken med målinga eller skrivinga.

- Eg har ikkje noko eige atelier heime, men det aller gildaste er å sitje ute i naturen rett framfor motivet. Det er toppen av alt.

Ikkje salsutstilling

Han understrekar at utstillinga ved Melshorn Hotell ikkje er noko salsutstilling. Han stiller ut fordi han har fått mange oppmodingar frå folk som gjerne vil sjå noko av produksjonen hans samla.

- Kunstlag og galleri er ikkje så interesserte i å stille ut kunst som ikkje er til sals. Då tener dei ikkje pengar, derfor var det kjekt at Melshorn Hotell sa ja til å stille ut, seier den godt vaksne debutanten.

Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll poengterer at interesserte kan kome til alle døgnets tider for å sjå kunsten, og at dei som ønskjer det kan kjøpe seg ein kaffi og eit kakestykke også.