Dei tyske filmselskapa Frost Media og Studio Hamburg skal i sommar gjereopptak til to nye tyske spelefilmar i i fjordbygdene på Sunnmøre, melder avisaMøre i Volda.

Alt neste laurdag 26. april inviterer dei lokale statistar til ein «casting»i Kulturnæringshagen i Volda.

Ein treng ikkje vere utdanna skodespelar for å gå inn i statistrollene. Deter nok «å ha ein liten skodespelar i seg».

Har alt produsert ti "norske" filmar

Frost Media og Studio Hamburg har hittil produsert ti filmar her i landet.Filmane har både skodespelarar og filmarbeidarar som kjem tilreisande fråTyskland. Det er den fantastiske naturen som får tyskerane til å reise heile vegen tilSunnmøre. Det er snakk om opptak til to filmar. 10. mai startar den førsteproduksjonen i Norddal. Det tyske produksjonsteamet kjem køyrande frå Tyskland ibåde trailerar og bilar, og  med rundt 50 personar totalt. Frå Norddalreiser produksjonen vidare til Sæbø, Urke og Øye for innspeling  av denandre filmen

Begge stader blir det om lag ein månads opptakstid.