Kystverket har sendt ut ei melding om at dei godkjenner ei flytting av HolstadRørservice AS sine merdar og anna sjøbasert utstyr til eit bøyehamn-områdelenger inne på Raffelneset industriområde på Hareid – d.v.s. eit stykke iretning Hjørungavåg.

Merdane ligg i dag utanfor Ulmatec og Hareid Group sine kaianlegg vedutløpet av Hareidselva – og ligg i vegen for større skip som skal inn dit.

Kystverket meiner at denne plasseringa ikkje vil få vesentlege konsekvensarfor sjøtrafikken og den generelle ferdsla slik bruken av farvatnet er i dag.

Føresetnaden er at utstyret blir liggande innafor dei grensene som liggi kommuneplanen for ei slik bøyehamn.

Kystverket føreset at kablar og fortøyingar ikkje er til hinders for ferdselog ankring på tilgrensande sjøareal og at anlegget eller bruken av det ikkjekrenker naboeigedomar og tilflotsrettar.

Kystverket strekar under at det vil vere naturleg at bøyehamna oglagringsplassen for sjøbaserte produkt blir tilpassa utviklinga.

Det ligg t.d. føre planar om fleire kaier i området.