Det er ei stund sidan vihar sett Trine Pilskog sitt namn på resultatlistene. Etter karriereslutt har hoblitt tobarnsmor. Men langfredag slo ho seg i lag med tilsaman 350 (rekord) andre som varmed på dei ulike variantane av Sjutoppsturen på Sandsøya – og hadde dagens nest beste kvinnetid(2.10.15).

Trine fyller 42 år i år og stilte dermed i klasse 40-49 år, som hovann. Best kvinnetid (som i fjor) hadde Åse Iren Sætre frå Ørsta i klasse 25-39 år. Ho  brukte 2.06.55.

I herreklassa vann ErikVoksøy Bringsvor frå Sandsøy IL på ny løyperekord 1.35.30 føre Arve Rindal frå Eid på1.36.38. Arve Haugland, Follestaddalen, vart nr. 3 på 1.45.21.

Av andre lokale løparar,som har delteke hyppig i dei lokale landevegsløpa på Hareidlandet, kan nemnast at MartinHauge-Nilsen (Kondis) vart nr. 7 på 1.45.41, at Odd Elvanes frå Hareid vartnr. 29 på 2.31.40, Stig Sæther, Dimna nr. 31 på 2.37.03 og Inge-Johnny Hide frå Kleven nr. 33 på 2.41.44.

Det vart ein fantastisk flott dag i havgapet, men etter nokre nedbørsdagar var det litt sleipt.

Dette var den tiande utgåva av Sjutoppsturen på Sandsøya. Løypa er 15 km lang, svært kupert og byr på totalt 1000 høgdemeter.