Sunnmøre kristelege mannskor (Påskekoret) hadde tilsaman seks godt besøkte konsertar skjærtorsdag og langfredag. Dei tre første var på Nordre Sunnmøre torsdag: Lepsøy, Haramsøy og Hamnsund. Fredag hadde Hareid, Herøy frikyrkje og Larsnes gjesting.

Då koret stilte opp i Herøy Frikyrkje fredag ettermiddag, på den nest siste konserten, spelte Georg Notøy - mannen som trakterte orgelet i Volda kyrkje då Sunnmøre kristelege mannskor spelte inn den legendariske versjonen av "Himmelske Fader" med Randulf Saunes som solist i 1955.

Dirigent Svein Eiksund såg at Notøy var i salen og spurde om han ikkje kunne stille opp. Og det gjorde Notøy.

Koret tok kollekt alle seks plassane med unntak for i Hareidskyrkja, der dei song i samband med langfredagsgudstenesta.

Sel veldig med CD-ar

Men i staden for kollekt selde koret godt med CD-ar på Hareid. Der var både dei som kjøpte fem og tre CD-ar i slengen.

Men no begynner det å minke på lageret, så nytt opplag er tinga inn - og kanskje blir det å spele inn nye songar om nokre år. For koret har hatt ei viss fornying i repertoaret. Blant anna hadde dei denne gongen med ein slovensk og ein russisk salme som Andreas Bjåstad på Hareid hadde vorte utfordra til å gi norsk tekst. Dette vart til ei svært fin fornying for koret, som elles har tyngda av materialet i Geitvik- og Johan H. Grimstad-komposisjonar.