Laurdag føremiddag gjennomførde Hareid a-stall den tredje og siste internkampen over 2x30 minutt før seriestarten borte mot Godøy torsdag i neste veke.

Det som fort kan kome til å bli start-elvaren i 4.-div.-opninga vann 4-1. På dette laget spelte:

Vagn Scheide Mork - Kristian Myklebust, Ørjan Engen Grimstad, Martin Nikolai Longva, Nauris Driksna - Thor-Ove Brekke, Joar Møller - Håkon Orten Trovåg, Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen - Runar Stranden.

Etter 0-0 ved pause skora Runar Stranden to gonger, medan Håkon Orten Trovåg og Ola Kalvø Vattøy sette inn eitt mål kvar.

Det tapande lag, som hadde påsketuristane Kim-Tore Husøy, Lars Roar Holstad og Venthan Ketheeswaran i startoppstilinga, vart kreditert eit sjølvmål av Thor-Ove Brekke. Einar Orten Trovåg dømte kampen.

På tapande lag spelte desse: Kevin Aarvik Hestholm - Lars Roar Holstad, Kim-Tore Husøy, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Hazhir Alipoor - Alexander Nevstad, Joachim Røyset - Simon Holstad Grimstad, Venthan Ketheeswaran, Martinus Røyset Bakken - Håvard Øvrelid.

Når Hareid startar serien torsdag er det mot eit lag dei aldri har slått på bortebane.